Instagram

tirsdag 24. juli 2012

Lofoten!


Rapellruta på Svolværgeita
Endelig har vi komt oss nordover til Lofoten :D
 På vei opp stoppa vi på Lisbeth sitt favorittfelt Hell, etterfulgt av ein liten stopp i Flatanger. Hansehelleren var virkelig imponerande! Skulle berre vore flink nok til å kunne klatra 8c+ ruter og hardare :) GPSen tok oss deretter viare til Skutvik kor vi skulle ta ferge. Skutvik viste seg å være meir ein norsk attraksjon med Linda Eide, enn eit fungerande fergeleie for oss som er vand med at ferger går kvar halvtime :-) Rutetabellen viste neste ferge om ca 6 tima.. Då var det berre å hoppe i bilen og køyre viare til Bognes-Lødingen ferga. Dessverre var ikkje været bra nok til at vi såg vårt nasjonalfjell Stetind :(

Diesel fylling
Første klatretur i Lofoten blei opp den obligatoriske Svolværgeita via Framsida 5+ 5 taulengde. Ein kjempefin tredjelengde og forholdsvis effektiv tur bortsett frå nesten to tima kø på returen.. Då var vi allereie begynt på topp50 lista i Lofoten Rock. Neste dagane med variert væir blei ei blanding av bolleeting på Lysstøyperiet i Henningsvær og klatring i Gandalfveggen med Gollum 5 3tl, Gandalf 5 3tl og den kjempefine Guns 'n' Roses 6- 3tl. Seint på kveld gikk vi også Pianohandler Lunds Rute 4+ 5tl. Denne gikk fint å strekke ut i berre tre lengder.
Giganthula på Flatanger
Dette er ei populær nybegynnerrute, noko eg merka når eg endte med å lære ein anna klatrar korlei ho skulle lage standplass midt i ruta :) På returen gikk det ikkje å ungå ein tur opp Tapir 7- 1tl. I toppen står en bolt for å sikre siste vanskelige flytt, men det gikk heilt fint å skippe denne bolten. I dag er det regn, sterk storm og kviledag. I morra blir det kanskje opplett håpa eg!
Berre å trekke på seg den superlette vindjakka fra Rab og kose seg på standplass :-)
Topper ut på Guns 'n' Roses
Grautmekking i bilen før kveldsøkta på Pianoveggen
  

Black Diamond Flash er egentlig ikkje i klatresekk kategorien, men er likevel genial til formålet! Plass til to par anmarsjsko, vindjakke, vatten og mat under klatringa og på vei ned er det berre å stappe heile racket i sekken :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar