Instagram

lørdag 27. oktober 2012

Snartur til Hemsedal

Hemsedal Ice har nettopp komt i butikhylla! Då var det på sin plass å ta turen opptil fjellbygda for å kjenne på forholda! Start frå Sogndal 06:00 og tilbake til middag i Sogndal 18:00. Eplebygda har virkelig perfekt beliggenhet for fjellsport!


Er ikkje mangel på buldremoglegheita i partybygda! Ikkje langt frå parkeringa vart vi nesten freista til å hente paden som låg i bilen.


Etter kneika (cruxet) i starten var det enkel klatring opp snø og is til første og siste stand. Endre prøvde å strekke taulengda heilt til topps, men det gikk akkurat ikkje.. Dermed blei det stand rett under og eg fikk siste meterane med is, frossen mose og snø :-)





Liten lunch i sola før neste rute. Diverre sto sola tidlig på veggen, noko som ikkje var heilt heldig for klatreforholda. Det blei med klatring av renna og litt isbuldring. På returen klarte vi ikkje unngå ein stivsko- og ullvottbuldrebattle på alle dei fine steinane. Ullvottejamming fungerte imponerande bra ;-)

mandag 15. oktober 2012

"knausen" på Storen!

Det er stjerneklar himmel, passe behagelig temperatur og kun eit par bilar til på Turtagrø. Vi hadde stått opp før fuglane pissa, inntatt morgenkaffien i bilen, og no var vi i god driv opp Skagadalen. 
Før brua går vi forbi eit par telt som gir håp om ferdig brøyta veg. Det tok ikkje lenge før vi møtte eit par som også hadde sett kursen mot Storen. 




Vi delar på å gå først opp til breen og herifrå skiller vi lag. Vi sikta mot innsteget til "knausen" til høgre for Skagastølsrisset, og dei to andre fortsett mot Andrews.



Første lengdene ser lett ut og vi knyt oss inn for å klatre starten løpande. Det måtte gravast for å finne gode sikringsplasseringar. Under høyre eg ein nokså misfornøgd Endre som tydeligvis opplev sin eigen trommekonsert med is og snø som hamrar laust på hjelmen.. Sorry Endre!

        
Dei to første lengdene er overstått og humøret fortsatt på topp. Isen blir brattare og Endre strekk ei fullstendig taulengde til neste stand. Herifrå er det min tur :-) Enkel is/mix klatring opp første del av taulengda, så kjem cruxet. Hmm... tenke tenke... Korleis skal dette klatrast?? Ikkje veit eg.. :-( Det fine med å ha ein bedre klatrar enn seg sjølv med på tur, er jo at dei kan ta seg av det vanskelege. Alpinisten i taulaget er i slaget og gira på å vise nybyrjaren korleis dette skal gjerast. Eg rygga tilbake til start og Endre køyre på! Eg får ein time innføring i alpin klatreteknikk med praksis på topptau etterpå :-)

Det er heilt fantastisk å klatre. Men følelsen av å toppe ruta med sol, vindstille og verdens mest inspirerande utsikt kan ikkje beskrivast! Ruta vi klatra går ikkje til toppen av Storen, men det er fortsatt tid til å komme heilt opp om vi vil. Målet for turen var allereie nådd, og på toppen har vi vore før. No var det meir fristande med sjokolade, kaffi og god tid til å nyte utsikta over et stykke av the northern playground som Slingsby kallar det.

Vel tilbake i bilen var planen å reise til Stryn for ein søndagsklatretur. Etter ei lita ringerunde for å høyre korleis forholda var, slo vi det frå oss. Det blei heller ein liten sesongstart på ski dagen etter.

lørdag 6. oktober 2012

(h)elgesafari på Lauvnostind!


Det er helg og den klassiske værmeldinga overskya med fare for regn, sol, snø og vind.. Perfekt for å starte alpinistsesongen :-D Saman med Steffen, Elinor, Sigbjørn, Ken-Eivind og Odd-Eivind køyrte vi vestlandsrallyet Sogndal-Turtagrø. Denne litt utanom det vanlige turen til Lauvnostind kan du lese meir om på HeiÅHå Klatring og fleire bilder på Ellinor sin bildeblogg!


Mens vi var på fjellet var det litt action i lavlandet. Steinras ved Ottatunnelen mellom Skjolden og Gaupne. Tydeligvis tryggare å være på fjellet enn å køyre bil på vestlandet! Sidan ein geolog måtte ut å vurdere, endte det med tre tima venting i Skjolden og ein liten biltur opp Mørkrisdalen for å få tida til å gå.

Takk for turen i vår eigen dyrepark! :-)