Instagram

søndag 18. november 2012

Time´s up, go home!


På tur: Endre Vonheim, Martin Skaar Olslund og meg.
Etter altfor mange daga med innetrimming, masterstudia og jobbing var det på tide å komme seg ut å krafse litt i fjellet igjen. Nedbør og varmt overalt, men Hemsedal virka greit. Endre og Martin hadde sett ut et prosjekt på Skogshorn som kunne være stilig, så då blei det tidlig start frå eplebygda igjen.


Mange skryt av masse puddesnø i Hemsedal siste veka. Dei om det... Anmarsj på nesten barmark med haudelykt er fint det! Veien gikk opp snørenna som vi trudde skulle være den riktige. Vi visste renna skulle gå opp eit stykke før klatringa kom, men etter ein del høgdemeter var det fortsatt berre skiterreng. Ikkje såg vi så langt heller på grunn av tåka... Lokalkjende skikyørarar kjenne seg nok igjen i denne renna... Vi såg allereie toppen. Den var ein god nok bekreftelse på at vi hadde gått feil... :-(
Vi gikk ned renna igjen og traverserte i retning mot dit vi trudde ruta skulle være. Etterkvart kjente vi igjen terrenget frå bildene på bloggen til Jørgen Aamot som saman med Nielsen hadde eit forsøk på ruta i 2008.



Etter første taulengde kom vi til ei ganske stilig hole! Superbehagelig standplass :-) Var so vidt vi fikk pressa oss ut gjennom et hull i toppen av hula for å komme viare.


Martin imponera med stødig og bratt klatring opp det som kanskje er siste taulengda. Halvegs oppe kunne han konstatere at toppen var nær. Klatringa blei vanskeligare og klokka begynte å gå litt for fort. I følge væirmeldinga skulle det bli meir snø og vind om ikkje lenge, noko som ville gjort returen veldig kjip.. Det starta å skumre og 5 meter frå toppen var det rett og slett ikke mulig å komme vidare.. 


Tida var ute, og det blei bail med retur samme vei denne gangen gitt... Men så er det jo litt artig å få brukt hodelykta litt også då :-)
Sjekk også bloggen til Martin!