Instagram

onsdag 16. oktober 2013

"Colosseumruta" i Kjøsnesfjorden


På tur: Endre Vonheim og meg
Rute: Colosseumruta 6+, 7 taulengde

I denne dalen er snøskreda so svære at geitene gøyme seg i tunnellane på sommaren. Slik sett er denne dalen ikkje heilt ukjend for geitemassakrar heller.. Dette er dalen med fjord uten havtilknytting. Kan det være ein lausfjord? Men mest av alt. Dette er dalen med SVÆRE kompakte sva! Best kjend som: Riskveg 5 Kjøsnesfjorden, stengt grunnet oppryddingsarbeid.

På disse svaa må det være klatring!


Som alltid er det god stemning i Sogndal so han sa, og enda bedre blir det om vi får litt kortreist storveggsklatring! Vi har høyrt om andre (bl.a Siggen), som har vore inn og sett på veggane. Men om nokon har klart å etablere noko der, veit vi ikkje.
Forrige helg tok eg og Endre turen for litt rekognosering. Første ruteplan endte med bail på innsteget. Andre ruteplan blei klatring :-)

Lørdagen spotta vi to linjer. Den første linja va ikkje so bra, og vi baila på innsteget. Sjøl om vi mista mykje tid på denne bestemte vi oss for å gå opp til den andre linja og prøve. Denne såg fin ut, og vi fikk klatra fire fine taulengde før Suuntklokka viste hal seks. Då var på tide å komme seg ned før det blei mørkt. Vi hadde liksom ikkje brukt so lang tid, så det var litt merkelig at klokka va hal 6 allereie.
Etter første rappellen fiska eg fram mobilen for å ta eit bilde. Der viste klokka 15:07...! Hæ! Forbanna dritt suuntoklokka va heilt på jordet!  Vi kunne ha klatra meir!


På søndagen var det på igjen på samme ruta. Som gårsdagen blei det mykje tidkrevande gartnerarbeid for å få satt sikringa. Klatringa ellers va på fast og reint fjell :-) Der hang baileanker på dei to første taulengdene, så nokon hadde vore der før. Viare oppover fant vi derimot ingen spor etter menneske.
Frå der vi avslutta dagen før, fikk vi renska oss sakte opp tre nye taulengde. No hadde vi sju flotte taulengde, og den siste enda på øverste rad i vår eigen Colosseum. Her vart ruta avbrutt av ei svær hylle, utan noko innlysande direkte linje viare. Vi fant det dermed naturlig å definere ei rute opp hit.

Meir om klatring i Kjøsnesfjorden finn du her.



Alle taulengdene byr på fin klatring i fast fjell. Det skal seiast at cruxlengda (6+ trur vi) var seriøs og tynt sikra! Her gjeld det å ha med fleire av dei minste kilane og C3 heilt ned i str 000 For Å Seie Det Slik! Retur nesten samme vei med 61 meter lange rappella.

Kjøsnesfjorden sett frå andre sia av dalen


Fleire av fotografia i dette innlegget e dessverre prega av mobiltelefonkvalitet :-(

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar