Instagram

lørdag 29. juni 2013

smørstabbtindtraversen

På tur: Mr. Sogndal Lodge og meg
Fredag blei det ein trimtur på Smørstabbtindane gitt. Å gå denne fjellrekka har alltid frista når eg har køyrt forbi. På fredag var det passelig vær, og det blei tidlig start frå Sogndal nok eingong. I løpet av dei ca 10 timane turen tok, fikk vi litt god gammaldags brevandring, litt klyving, litt utsikt innimellom og totaltsett ein veldig veldig fin tur! :-)



lørdag 22. juni 2013

molden til marifjøra!

På tur: Mr. Sogndal Lodge, Lisbeth og meg
Dette er ein av dei lengste nedkøyringane eg har sykla! Med over 1000 høgdemeter med variert fin sykling, er det fra fjell til fjord på sitt beste! Det aller beste er at turen har dobbelt så mange høgdemeter nedoversykling som oppovardytting :-) MEN eg anbefala å ha to bila! Sjølv om Luster har enormt mange store og flotte fjell, er Molden kjent for kanskje å ha det flottaste utsitspunktet i heile kommunen.

Tidligare i veka blei det også ein tusletur på Eggenipa (1338moh) i Våtedalen. Denne toppen har eg og Lisbeth sett på fleire hundre ganga når vi har køyrt frå Nordfjord til Sogn. Etter ein tur opp kan den virkelig anbefalast!