Instagram

onsdag 30. april 2014

høgderuta i jounheimen


Ein av dei meir spektakulære turane om dagen må være Jotunheimen Haute Route. Forrige helg var eg og Gjert guide på sesongens tredje runde av denne turen. Vårt fantastiske turfølge hadde tre dagar til rådighet, og vi gjennomførte dei første etappane som går frå Bessheim til Spiterstulen. Sola kom som bestillt og Gjerten feira sjølsagt med ein velfortjent solo på første dag. Samtidig som oss gikk turens kreatør Stian Hagen med ei gruppe frå friflyt. Mykje bra skikøyring og ikkje minst god stemning!
  Turen starta med ein treretters middag på Bessheim kvelden før vi gikk over Besshøe og kjørte knallbra slush ned mot Memurubu. Dag 2 gikk opp og fikk fantastisk utsikt frå toppen av Surtningssue og nedkjøring på breen til Glitterheim. Fra Glitterheim gikk turen over Norges nest høgste fjell Glittertind og ned til Spiterstulen. Superdigg å gå ein topptur, komme til ei hytte, bli servert ein god middag, sove, komme til ferdigdekka frukost på morningen og deretter gå ein ny topptur med fantastiske gjesta til neste hytte.








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar