Instagram

mandag 19. mai 2014

stølstrim og vårski, på siste vers.

Austabottind og en oppkjørt Ringstid etter High Camp Turtagrø. Foto: Einar Løken




Denne våren har virkelig sparka frå seg til fjells! Siste vekene har bestått av mykje bra skikøyring og flotte føringstura. Snøen held fortsatt god påskekvalitet, men smeltar svært raskt no! Vi må høgare til fjells, og det er nok ikkje mange dagane før det blir mykje gåing med ski på ryggen før vi kjem til snøen. Da er skisesongen over for min del :) High Camp kan vel seiast å være ein perfekt avsluttingsfest på sesongen. Fikk i tillegg køyrt tørr villsnø den helga!

Mellom skidagane har eg også klart å knekke inn nokre daga med sportsklatring. Det er heilt utruleg kor klatreformen kjem seg berre med nokre dagar utan ski. Likevel trur eg det trengst eit par veke (minst) utan skikøyring før eg får oppdrift på gamle prosjekt. Heldigvis har eg fått smugtrent litt i vinter, og klatreformen er sånn sirka som fortjent. Det har vel egentlig vore optimale sportsklatreforhold i Sogndal sia februar, men pga mykje skikøyring starta ikkje klatresesongen for fullt for min del før no (bedre seint enn aldri)! Blir heller ikkje mindre gira på å ta i, av å sitte med årets masterprosjekt om sportsklatring!

Nyt utsikat frå toppen av Hest, Jostedalen.

Matpakkepause på veg til Hest. Utsikt ned til Veitastrondvatnet. Foto: Einar Løken

Fornøgd High Camp gjeng frå Australia på Lauvnostind, Hurrungane. Foto: Einar Løken

Vi valgte en litt annen veg enn dei fleste andre, og fant dermed uspora perfekt villsnø :) Foto: Einar Løken

Ingen High Camp uten folk til fjells.... Foto: Einar Løken

Dagen før High Camp fikk eg gått Pedagogisk Ørken 8a+, Kvam. Ei nokså snill rute for sin grad. Foto: Sander Buene

Lisbeth jobbar inn flytta på Buen 7b, Kvam. Foto: Sander Buene

Sander & the kid spelar airguitar på Elvis! Foto: Einar Løken

Artig ankomst opp snødekte sva. Foto: Einar Løken

Slik går no dagan :) Foto: Sander Buene

Sander & the kid! Foto: Einar Løken

Skal ein først ligge bakpå skia, må ein i det minste gjere det skikkelig! Foto: Sander Buene


Eg går Buen 7b, Kvam. Foto: Lisbeth Husevåg

2 kommentarer: