Instagram

torsdag 26. juni 2014

Gladiatorrisset i Kjøsnesfjorden

God stemning!
Med gode værmeldinga kjørte Felden og eg mot Kjøsnesfjorden forrige veke. Skuffelsen var stor når vi kom ut av tunellen og alt var vått... Likevel var vi gira på å finne ei lett rute opp til Colosseumhylla slik at vi kunne få renska Gladiatorrisset. Vi gikk dermed ei særdeles hårete linje opp gjennom nokre grashyller. Denne ruta blei enkelt og greit kalla "Grønn u-hygge!" Om grasklatring kan graderast vil det vel være GR3?? 3/4tl, med eit par englevingar fåsds! Er ikke verdt å repetere! Vi brukte deretter heile dagen på å renske "Gladiatorrisset", eit langt samanhengande riss.

Etter ein heil dag på breden i går vart det kveldstur til Kjøsnesfjorden for å klatre ruta. Vi hadde forhåpning om ei folkerute gradert 5+/6-ish, men det blei noko hardare enn vi hadde tenkt. Gladiatorrisset er godt sikra (om man har med ein del små camalots) og byr på mykje flott og ikkje minst heilt fast klatring.

Første taulengde følger likt som Colosseum. Andre taulengde går i eit kompakt riss til venstre og ikkje inne i diederet. Her er litt tynt sikra nokre meter. Deretter ein travers ut venstre til risset og opp på ei lita hylle. Resten av ruta følge risset. Siste del av fjerde taulengde er noko seriøs, og kan evt omgås ved å følge diederet på Colosseum. Siste taulengde er også lang, og kan evt deles i to lengder om du er usikker på om tauet er langt nok! For å komme til Colosseumhylla følger man to siste taulengdene på Colosseum.

Meir om klatringa i Kjøsnesfjorden finn du her.


Sigurd på starten av "Gras u-hygge". Foto: Einar Løken

Omsider oppe og klar for lunchpause før rensking av Gladiatorrisset. Foto: Einar Løken

Mykje gras ja... Foto: Sigurd Felde

Før og etter... Foto: Einar Løken


t.v. Sigurd testa ein alternativ inngang til ruta. t.h: Sigurdselfie på fjerde taulengde.  
Eg går tredje taulengde. Foto: Sigurd Felde

t.v: Sigurd går fjerde taulengde.

torsdag 19. juni 2014

NORTIND spesial: #sportsklatring og bre

Siste to vekene var det tid for litt kunnskapspåfyll fra Nortind igjen. Desse to vekene var det sportsklatring og brevandring på skuleplanen.
Sportsklatrekuret skulle opprinnelig være i Sogndal på heimecragget, men ettersom Amund nettopp har blitt far, passa det fint å flytte kurset til Romsdal. Og ikkje nok med det, klarte den nybakte faren å perse på heimebane! :) I løpet av kurset var vi innom Slettafossen, Mjelva og Trollsvaet, samt en ettermiddag med buldring på Skiri. På kveldane ble det grillings og god stemning på Romsdal Lodge.
Etter sportsklatrekurset satte vi kursen mot Jostedalen kor vi skulle danse rundt på stegjern ei veke. Ein liten skitur på Storebjørn blei det også :)
Josef i støtet! Foto: Einar Løken


Roald Lande er sterk på et bulder på Skiri og kursveileder Robert Carspersen viser korleis det kan gjerast på Slettafossen. Foto: Einar Løken

Robert kommer med litt beta på veggen der. Foto: Einar Løken
Josef og Amund loves the glacier! Foto: Einar Løken

Roalden tester bremseteknikker. Foto: Einar Løken

Eg har satt på bremsa. Foto: Amund Amundsen

Roald tester snøankeret han nettop satt. Det funker! Foto: Einar Løken

Josefselfie når vi venter på å bli redda.

NilsN nyter dagene på jobb. Foto: Einar Løken

Global warming!!! Foto: Einar Løken

På tur opp Nigaardsbreen. Foto: Einar Løken

Endre og eg sjekka ut forholda på Tuftebreen fra Steinmannen. Foto: Einar Løken

På veg ned fra Tuftebreen. Foto: Einar Løken

Kor mange ganga har Jostein vore på Storebjørn skal tru? Foto: Einar Løken