Instagram

Klatring i Kjøsnesfjorden

Hausten 2013 var jeg og Endre Vonheim på rekognoseringstur til Kjøsnesfjorden i i Jølster. Vi var gira på å finne lange linjer med fast fjell som låg relativt nærme heimbygda. Vi hadde hørt fra andre klatrarar at det berre fantes romperiss og lange runouts på glatte sva i Kjøsnesfjorden. Det er kanskje kombinasjonen av dette og ein dyr bom i Fjærland som har ført til lite utforsking av Kjøsnesfjorden tidlegare. Etter kva eg veit har Felden, Møllern og Anders Mordal vore i dalen for fleire år sidan og prøvd på nokre tekniske ruter. Jarle Kalland og Sverre Hjelmeland har også vore på ei teknisk linje for mange år sidan. I nyare tid har Sigbjørn Veslegard og Eric Sadorge vore inn å pirka litt i veggen (CR), utan at det virka som noko stor suksess.. På vinteren derimot har Sigurd Felde m.fl. gått eit par fossar ved tunnellen, og ein tursti (norges brattaste?) i samme området har rykte på seg for å være ei fantastisk skilinje vinterstid.


På vår rekognoseringstur gikk vi opp ein nokså hårete anmarsj på sørsia av dalen til noko vi trudde var eit riss. Da vi kom opp var det ein 3-4 meter brei våt kamin.. Alt var mykje større enn vi hadde sett for oss... På veg ned såg vi over i solsia på den sørvendte veggen. Den var tørr og hadde formasjonar som såg klatrebart ut. Vi kjørte bilen litt opp dalen igjen like forbi Lunde turisthytter, og parkerte på nedsia av skredvollen. Over to daga med rensking av riss, nokre runouts og mykje særdeles flott klatring kom vi opp til ei stor hylle med ein tribuneformasjon som kan minne om tribuna på Colosseum. Hylla var så stor at det var naturlig å skulle definere ruta opp hit. Dermed hadde første ruta blitt gått: Colosseumruta 6+/7tl i virkelig fast fjell. (CR Colosseumruta her) På vei fikk eg også lent meg ut å sjå på eit riss som går til venstre for Colosseumruta. Dette måtte bli eit vårprosjekt når det tørkar til hausten og vi kalte det for Gladiatorriss prosjektet.

I Juni 2014 var Felden supergira på tur og med gode værmeldinga kjørte vi mot Kjøsnesfjorden for å finne nye ruter. Skuffelsen var stor når vi kom ut av tunellen og alt var vått. Likevel var vi så gira at vi ville finne ei lett rute opp til Colosseumhylla slik at vi vertfall kunne renske risset. Vi gikk dermed ei sinnsykt hårete linje opp gjennom nokre grashyller. Denne ruta blei kalla "Grønn u-hygge!" Om grasklatring kan graderast vil det vel være GR3+?? 3/4tl (englevinge++ fåsds!) Er ikke verdt å repetere! Vi brukte deretter heile dagen på å renske "Gladiatorrisset", eit langt samanhengande riss. Ruta blei gått veka etterpå og gradert 6+/4tl. Nydelig fingerriss!! (CR Gladiatorrisset her)

20 Juli 2014 toppa Sigbjørn og Endre Nordveggen på Nonsnipa, via ruta Ingen mat uten bønder 13 taulengder, grad 6. Ruta går midt i veggen og byr ifølge førstebestigarane på flott klatring i fast og velsikra fjell. Meir om førstebestigninga og førar finn du på HeiÅHå Klatring.

23 Juli 2014 gikk eg og Sander sørøstegga opp fra Litlebredalen, via ruta Hitaslag 10 taulengder, grad 5. Ruta har ca 200m med utsatt sva/gras anmarsj men nokre 2/3er klatreopptak. Ellers består ruta av mykje lett klatring og nokre passasjar opp mot grad 5.

Vi er i ferd med å rydde fleire prosjekt, og det krevst MYKJE graving for å i heile tatt få sikra. Men bra blir det :)

Anmarsj Colosseum og Gladiatorrisset:
Parker i nedre del av skredvollen på nordsia innerst i dalen. Pass på at du ikkje står i vegen for traktorar og lokale bønder! Gå forbi nokre flotte buldresteinar mot høgre (gå langs kanten av jordet slik at graset ikkje blir tråkka ned!) og følg ein bekk opp til du er 50 meter fra veggen. Hold høgda ca 200m til venstre, så er du på innsteget.

Retur:
Det er etablert rapell ned fra Colosseumruta på nokre kilar. Fra ankeret i renna når man nesten ned til første standplass med 60m tau. Ellers er det planer om å lage ei god rapellrute utanfor klatrelinjene i nærheten av "Grønn u-hygge" etter kvart.

Førarar:

HeiÅHå Klatring







2 kommentarer:

  1. Kjempebra med ei informasjonsside Einar. Nye eventyr i Kjøsnesfjorden venter!

    SvarSlett
  2. http://heihaaklatring.blogspot.no/p/kjsnesfjorden.html

    SvarSlett